26.02.2009

Isskrapevottar

Dei er strikka i ulike sortar ulltråd, og er i ulike storleikar.

Fleire huer

Populære huer som forsvann fort. Strikka i trådmerket Smart på pinne nr. 3,5.

15.02.2009

Hekla løpar

Løpar i filetheklig med åttebladroser. Pris 250 kroner.

Skjerf i påfuglmønster

To skjerf i påfuglmønster, som er ein gamal teknikk der ein brukar ein veldig tjukk strikkepinne og ei tjukk heklenål.

14.02.2009

Muffins

Kva er vel betre enn nysteikte muffins til laurdagskosen?

Hue

Har strikka ei bursdaggåve som vart godt motteken.

08.02.2009

Løparar og glasbrikker i same stil

Strikka løparar i ulike fargar, som passar til ulike høgtider. Lengde ca. 80 cm. Pris pr. stk. 290 kroner.




Glasbrikker i same stil som løparane, unntatt den eine som er rund. Pris for pakke med 6 stk. 180 kroner.

07.02.2009

Hekla vesker

To hekla vesker i ulike fargar. Pris pr. stk 250 kroner.



06.02.2009

Hakka gryteklutar

Doble hakka gryteklutar i mange forskjellege fargekombinasjonar. Pris pr. par er 110 kroner.



Broderte runde dukar

To broderte dukar i ulike fargar. Den eine i mørk grøn og mørk raud, den andre i lys grøn og rosa. Pris pr. stk. er 290 kroner.



01.02.2009

Handarbeidsglede

Velkomen til handarbeidsbloggen min. Så kjekt at du fann den. Her vil eg ha ein liten hobbybutikk, der eg legg ut for sal , ting og tang som eg lagar. Eg likar det meste innan handarbeid, så det er kjekt å variera med ulike teknikkar.

Produkta som eg sel, vil bli sent i posten , og gjeldande porto kjem i tillegg til prisen. Vil du kjøpa eit produkt , send ein mail om kva du vil ha, så får du mail tilbake, med opplysning om pris, og kontonummer.

Håper du likar deg her! :)