27.04.2009

Gjenbruk

Eg er opptatt av gjenbruk, og synest det er viktig at vi prøver å gjera nytte av ting vi ikkje brukar lenger. Her har eg sydd kuvertbrikker av brukt dongeristoff, og pynta dei med diverse blondar.





Her har eg sydd glasbrikker av diverse dongerirestar. Etterpå har eg brukt garnrestar til å brodera på dei. Har prøvd meg på ulike sting, så her er det berre å bruka fantasien:)

23.04.2009

Halsvarmarar

Kankje ikkje rette årstida å koma med slike no når alle vil ha vår, og helst pakka vekk alt som varmar:) Men, men, det var no dei var ferdige, så det får gå. Garnet er 50% ull, 30% polyamid og 20% alpakka. Veldig mjukt garn.



Sjå kva eg fekk i posten idag! Fekk så lyst til å prøva meg på spinning. Startar i det små, så det blir med handtein. Det var så herlege fargar, og koseleg mønster på handteinen:)

18.04.2009

Lappeteppe

Det er så populært med lappeteppe her på bloggane. Utruleg mange fine eksemplar blir lagt ut, og ein får masse inspirasjon til å gå i gong sjølv. Kom på at eg hadde eit som eg har laga, og som eg ikkje har funne her i bloggverda. Eg trur eg fann mønsteret i eit ukeblad for mange år sidan. Finn det dessverre ikkje igjen, så eg har prøvd å skriva det ned, så her er det:
Legg opp 42 lm. Hekle 40 st ut omg. (Den første st lagar du i den fjerde lm frå nåla). Snu.
Hekle 3 lm, 1 fm mellom fjerde og femte stav. Gjenta ut omg. Snu.
Hekle 3 lm(=1 st), 3 st i buen. Hekle vidare 4 st i kvar bue ut omg. Snu.
Gjenta desse omg. til lappen er ca. ein firkant. Sy dei saman kvar sin veg. (Sjå bilete.) Hekle ein kant rundt slik som du ønskjer den. Størrelse på heklenål må tilpassast garnet som du brukar. Håper mønsteret stemmer, viss ikkje kan de berre ta kontakt med meg:)

15.04.2009

Nåleputar

Ja, no har eg og prøvd meg på desse artige nåleputane. Kjekke å laga, og fin anledning til å bruka opp restegarn. Knappane eg har brukt, er gamle knappar frå syskrinet.


Har strikka meg to par korte lestar i Opal, på pinne nr. 3. Godt garn å strikka med, og mønster blir det utan at ein treng å tenkja på det.

09.04.2009

Dåpskjolar

Har strikka to dåpskjolar. Dette er kjolar som kan gå i arv, og som varer i mange generasjonar. Denne kjolen er strikka i Mandarin petit på pinne nr. 3.



Denne dåpskjolen er strikka i Bambino bomull på pinne nr. 2,5.


Det er med ein enkel pose i bomull til oppbevaring av dåpskjolen, fordi plagg som er strikka ikkje bør bli hengande over lengre tid, for då kan garnet bli strekt.


04.04.2009

GOD PÅSKE

I dag har det vore eit strålande påskever. Det vart så varmt at varmomnen måtte slåast av, og altandøra opnast, så våren fylte heile stova. Det var herleg å sitja ute og strikka ei stund. Håper vi får mange slike nydelege dagar i påska:) God påske frå Bodil.

Fornying av putar

Dette er to gamle putar i hardangersaum som eg har gjort eit forsøk på å fornya. Først måtte dei få seg ein vask, for å sjå om diverse flekkar forsvann. Det gjekk bra. Ettepå måtte eg festa mange lause trådar som var kome over på retta. Så klipte eg av ein del av den ytterste kanten på putane. Der sydde eg på ein blonde som eg hadde. Så brukte eg bakstykket(som var av det same stoffet), og det som eg hadde klipt av, og klipte til ein ny kant som eg sydde på. Dermed fekk eg då littt større putar. Til slutt fekk begge putane nytt bastykke. Eg synest det er viktig å ta vare på slike gamle skattar, og gjerne fornya dei litt, så dei kan brukast på nytt igjen.