28.05.2009

Litt ting og tang

Ja, antrekket må vera klart til grillsesongen! Her får ein med seg det meste av det ein treng til grillinga. Det hadde nok ikkje passa på alle grillfestar, men det får så vera!

Dette var i grunnen litt tøys og tull! Eg sat og kosa meg attmed symaskina, og dette vart resultatet. Utgangspunktet var to skjortearmar og nokon dongerilommar. Ikkje så fint akkurat, men eg hadde det i alle fall kjekt medan eg laga det.





Her sydde eg på ein mansjett frå skjorta. Som de ser , er den til å få med seg ting og tang i.


På armane var det ein stolpe med knapphol. Eg klipte av to remser med doble saumar, og knytte ei remse i kvart knapphol. Det fungerar som knyteband.


Grillvott høyrer og med, så eg sydde det og i same slengen.

23.05.2009

Litt gjenbruk igjen

Her har eg laga tre gryteunderlag av dongeri. Har pynta dei med litt broderi. Sølar ein på dei, så ordnar vaskemaskina det!



21.05.2009

Konkurranse hos Stubbetufsa

Vil du vera med, så heng på! Stubbetufsa har fått 5000 besøkande, og i den anledning loddar ho ut ei flott veske som ho har hekla :)

Besøk bloggen hennar her og delta i konkurransen.

19.05.2009

Hobbybøker

Etter å ha vore med i ein hobbyklubb, set eg igjen med fire bøker som eg ikkje har brukt. Desse legg eg no ut for sal, og her er titlane på bøkene:
Fest og farger, av Gitte Schou Hansen. Pris: 70,- kroner
Maries maleverksted, avMarie Andreassen. Pris: 70,- kroner
Smykk deg, av Maria Løfstedt og Palla Masdottir. Pris: 70,- kroner
Den store lappeboken, av Elisabeth Gjone. Pris: 150,- kroner
Alle er utgitt på damm forlag.

15.05.2009

Hekla sett

Hekla sett i nostalgisk mønster.

10.05.2009

Lappeteppe

Så var det tid for lappeteppe igjen. Fann eit gammalt mønster som eg tenkte eg ville dela med dykk. Det er i grunnen det same grunnmønster som i det forrige mønsteret eg la ut, berre at det i dette mønsteret er hekla to veiar.
Her er mønsteret:
Hekla 11 lm.
1. rad: Begynn i 4. luftmaske frå nåla, hekla ein stav i kvar av dei neste lm, tilsaman 9 st.
2. rad: 3 lm, hopp over 5 st, 1 fm mellom dei neste st, 3 lm, 1 fm i lm i begynnelsen av forrige rad.
3. rad: 3 lm, 3st om 1. lmb, 5 st om 2. lmb.
4. rad: Som 2. rad.
5. rad: 3 lm, 3 st om 1. lmb. 5 st om 2. lmb, ikkje snu men fortsett å hekla på neste side av motivet, 3 lm, 3 st om femte st. (altså den st. vi sist hekla) 4 st om dei neste lmb. ut omg.
6. rad: 3 lm, hopp over 4 st, 1 fm mellom st, 3 lm, hopp over 4 st, 1 fm mellom st, 3 lm, 1 fm om lmb i kanten, ikkje snu men fortset å hekla på neste side, 3 lm, 1 fm om lmb der 3 st vart hekla(= hjørne) 3 lm, hopp over 4 st, 1 fm mellom st, 3 lm, hopp over 3 st, 1 fm om lmb i kanten.
7. rad: 3 lm, 3 st om 1 lmb, 4 st om 2 lmb, 5 st om 3 lmb, ikkje snu men forsett å hekla, 3 lm, 3 st om 5 st(= hjørne), 4 st om kvar av dei neste 3 lmb.
8. rad: x 3 lm, hopp over 4 st, 1 fm mellom st, x. Gjenta frå x til x 2 ggr til, 3 lm, 1 fm om lmb i kanten, ikkje snu men fortsett å hekla 3 lm, 1 fm om lmb der 3 st vart hekla.(= hjørne). Gjenta frå x til x 2 ggr, 3 lm, hopp over 3 st, 1 fm om lmb i kanten.
Fortsett å hekla som på 7. og 8. rad, og for kvar rad blir det 2 lmb og 2 stavgrupper med 4 st i kvar meir på rada.
Hekle slik til det er 27. rader.
Hekle saman frå vranga slik:
x 1 fm om fm i kanten på rada og mellom st-gruppene, 3 lm, x.
Gjenta frå x til x. Hekla ein kant rundt heile teppet på same måte som rutene er hekla.
Det går jo og an å sy saman lappane for dei som synest det er best.


Eg har ikkje hekla dette lappeteppet sjølv, så her har eg hekla ein prøvelapp for å sjå korleis oppskrifta fungera. Syntest det var ein merkeleg start på teppet, så fleire gongar lurte eg på om det var feil i oppskrifta. Men det er det ikkje, så det er berre å hekla vidare så går det bra.


Her er eit anna lappeteppe som eg hakka for ei stund sidan. Det er berre å hakka så store ruter som ein vil, og så sy det saman. Hekla ein kant rundt til slutt.

08.05.2009

Gjenbruk atter ein gong

Som de ser , så vart det endå meir gjenbruk. Her har eg sydd ei veske av dongeristoff. Har brukt eit anna stoff til for, og bretta ned øverste kanten så foret viser. Har og sydd ei remse med forstoff på kvar hank. Pynta til slutt veska med ei lita heklebrikke som eg hadde.






Og her har eg sydd eit par gryteklutar til. På desse har eg brodert eit lite motiv på midten, og pynta med litt blonde.


02.05.2009

Gjenbruk igjen

Som de ser, er det pute eg har prøvd meg på denne gongen. Har pynta den med blonde i kvart hjørne, og på mitten er ein liten firkant med hardangersaum. Den har eg teke frå eit mellomverk i eit gamalt putetrekk som var utslite. Så har eg sydd på ein liten blonde rundt.


Her er bakstykke på puten. Det har eg sydd av ei gammal dongeriskjorte, og brukt åpninga i skjorta som åpning på bakstykke. Veldig enkelt å sy det på.


Og her er eit par gryteklutar med gjenbruk dongeri.