23.08.2009

FN sitt internasjonale år for naturfiber

I år er det FN sitt internasjonale år for naturfiber. I den forbindelse har eg funne litt informasjon om det, og lagt ut på spinnebloggen min. Spesielt anbefalar eg å sjå den videosnutten som er der. Utruleg interessant. Trykk her dersom du vil sjå det.

14.08.2009

Markens grøde

Stubbetufsa har hatt 10.000 besøk på bloggen sin! Som den kreative dama ho er, så har ho i den forbindelse laga ein konkurranse. Den går ut på at vi skal leggja ut ei dessertoppskrift e. l. på bloggen vår, og den skal vera laga av markens grøde. Trykkjer du på bilete under, er det link til bloggen hennar, som er vel vert eit besøk.



Mitt bidrag til konkurransen er dessertgele av hylleblomstsaft med heile blåbær. Her er oppskrifta.
0,5 l hyllblomstsaft ferdig utblanda
6 plater gelantin
heile blåbær
Legg gelantinen i kalt vatn. Varm opp safta, ta kjelen av plata og tilset gelantinen. Tilset blåbæra når geleen er kolna. Set den kaldt så den stivnar. Server den med vaniljesaus, kremfløyte eller det du måtte ønskje.
Har du ikkje hylleblomstsaft, så kan du bruka andre sortar heimelaga saft. Og blåbær kan bytast ut med andre bær som ein har.



Eg har og laga ripsgele. Eg har berre lyse rips, men det blir fin farge på geleen likevel.


Her er den ferdige geleen laga av dei lyse ripsa.


Og her skal eg kosa meg med hylleblomstgele og ripsgele. Mmm.... godt!

02.08.2009

Broderte putar og dukar

Kom over så snertne innerputar i ein utstyrsforretning. Det gav meg ideen til å laga desse putane. Tre av dei er brodert med kontursting/stilkesting og litt plattsaum, medan den rosa puten er brodert med mille-fleursting.Eg har brukt tre trådar moulinegarn i nåla. Sel putane for 250 kroner pr. stk. uten innerpute.














Denne firkanta duken har omtrent same mønster som puten over, men på duken er det og litt plattsaum. Den har andre blåfargar enn på puten, og blonden er og ulik. Sel den for 380 kroner.


Denne duken har og likt mønster som ein av putane, men fargane er ikkje heilt dei same. Dei har og ulik blonde. Sel den for 280 kroner.


Så over til noko heilt anna. Eg har laga meg ein spinneblogg, så viss nokon har interesse av det, er det ein link til den øverst i bloggen min.

Awardar.

Eg vil takka så mykje for desse flotte utmerkingane som eg har fått. Det er nok ei stund sidan eg fekk dei, men på grunn av ferie er det blitt lite blogging . Eg vil gje dei vidare til alle som har lagt igjen kommentar i bloggen min. De fortjenar dei alle saman :) Det er så kjekt å koma inn på bloggen, og sjå at det er ein ny kommentar der!

Denne har eg fått av både Dorthe og Mikkje.


Desse har eg fått av Stubbetufsa.



Gå gjerne inn på bloggane deira, for der finn de mykje inspirasjon og kreativitet!