28.11.2009

Førjulskos

I dag har eg kost meg med diverse forberedelsar til advent. Luciapyntehandkleet er kome på plass. Det kjøpte eg ferdig påteikna for nokre år sidan, og har brodert det.


Så har eg hengt opp kjøkkengardinene. Mønsteret til dei var i Familien for nokon år tilbake, men det var til ein duk. Så eg brukte motiva både til gardiner og ein liten duk.





Og her er den første julebaksten. Kjempegode kaker laga av havregryn. Så vi kan jo sei at dei i alle fall er litt sunne. Har du lyst på oppskrifta så kjem ho her:

Fine havremomser.
100 gram smør
4 dl havregryn
1,5 dl sukker
2 eggekvitar
Smelt smøret, og hell det over havregryn og sukker. Visp kvitane stive, og skjær dei i røra med ein sleikepott. Steik kakene i ca, 8-10 min. ved 175 grader.
Smelt sjokoladen i litt olje, og smør på kvar kake. Eigentleg skal det vera ein mandel til pynt på kvar kake, men av erfaring så ligg mange av dei igjen i kakeboksen, så dei kutta eg ut denne gongen.

Ønskjer alle som er innom bloggen min ei fin adventstid, og tusen takk for alle koselege kommentarar, som eg set stor pris på.

Førjulshelsing frå Bodil.

20.11.2009

Meir småstrikk

Det blir visst berre småstrikk med meg for tida. Her er fleire fargerike vottar, men no i to storleikar.


Desse er str. ca. 4-6 år, og dei sel eg for 75 kr. pr. par.


Og desse er str. ca. 2-3 år, og eg sel dei for 70 kr. pr. par.

12.11.2009

Fargerike vottar

Har strikka desse fargerike vottane i Østlandsgarn. Eg er nok litt usikker på kva størrelse det er, fordi eg ikkje har brukt oppskrift, men eg trur det er ca. 2-3 år. Sel dei for 70 kroner pr. par.

06.11.2009

Gryteklutar atter ein gong.

Så vart det enda nokre gryteklutar i julefargar. Mønstera kjem eg på etter kvart, og det er kjekt å hekla med to fargar samtidig.