22.05.2010

Klutar


Når det vårast er det kjekt å ta fram litt bomullsgarn igjen. Hadde tenkt å strikka klutar, men fann ut at eg ville prøva å hekla dei i staden. Hadde i tankane då eg starta at dei ikkje måtte bli for faste og tette. Dette er Tuva bomullsgarn, og når eg strikkar klutar av det, så brukar eg pinne nr. 4. Derfor fann eg fram heklenål nr. 4.


Oppskrifta vart enkel. Det er fastmasker med ei luftmaske mellom kvar fastmaske.



Her er ein prøveklut som eg hekla først. Måtte testa den i bruk, og då oppdaga eg at når den vart våt, så opna alle hola seg som er mellom fastmaskene. Dermed vart kluten ekstra luftig, og tørkar litt raskare opp etter bruk.


Her er den same kluten etter at den er blitt vaska på 60 grader, og hatt seg ein tur i tørketrommelen.

Ynskjer alle ei fin pinsehelg :)

16.05.2010

Litt av kvart

Har strikka to ullbodyar til bestemorguten. Han var fødd seks veker for tidleg, så eg fann ikkje noko mønster som var lite nok. Så dette er ei blanding av body-og ullskjorte, som eg har forminska ein god del. Likevel er det rikeleg stort. På armane plukka eg opp masker øverst og strikka framover, og på skuldrane har eg brukt maskesting. Så det er ingen saumar.






Så har eg kjøpt meg hode for å ha til sjala mine. Det er av isopor, men det eg ikkje tenkte på då eg bestilte det, var at eg burde hatt eit med sokkel , for då hadde sjala lagt seg finare rundt. Men, men, eg får greia meg med det ei stund. Lurer du på kvar eg har kjøpt det, så finn du det her på eBay, og det kosta under 100-lappen.