18.12.2011

GOD JUL




God jul, og takk for eit kjempekjekt bloggår :)

12.12.2011

Litt førjulsstrikk

Det skjer ikkje det heilt store her på handarbeidsfronten for tida.

Men innimellom juleførebuingar er det greit å ha noko enkelt å ty til.

Og litt garn til å strikka vottar av, er ikkje vanskeleg å finna.

Det vart enkle vottar, med ein brodert blomst på kvar.

Garnet er både tjukt og mjukt, og inneheld ull, polyamid og alpakka.

Alle fire para er lagt ut på Epla.

Ynskjer alle ei fin førjulsveke :)

11.12.2011

Ambrosiabrød

Ambrosiabrød er gode julebrød som det er blitt tradisjon å baka kvart år.


Dei inneheld stjerneanis og nellik som er gode julekrydder.

Her er oppskrifta:
4 dl mjølk
1 dl vatn
150 g smør
1,5 kopp (ca 2,5 dl) sukker
1 egg (kan sløyfast)
50g gjær
1 ts salt
ca 800 g (ca 14,5 dl) kveitemjøl
2 ts stjerneanis
1 ts nellik
rosiner eller korinter (kan sløyfast)
Bland saman mjølk, vatn, smør og sukker, og gje det eit oppkok. Avkjøl. Ha i gjær, og eventuelt egg. Ha i det tørre, og bland godt. Set til heving. Del deigen i tre, og bak ut runde eller avlange brød. Set til heving ein gong til. Pensle med egg eller vatn. I oppskrifta står det at dei skal steikast på 200 grader. Det er litt sterk varme for min ovn, så eg brukar å steika dei på 180-190 grader. Ca. 30 min.

Smakar nydeleg med brunost, eller anna favorittpålegg :)

Ynskjer deg ein god adventskveld :)

03.12.2011

Strikkasett

Eg har strikka eit enkelt sett til meg sjølv med hue og vottar. Oppskrifta blei til etter kvart.

Det er strikka i dobbel perlestrikk, og med dobbelt garn.

Garnet heiter Alpa, og er kjøpt på Europris. Det inneheld 15% ull, 20% alpakka, og 65% akryl. Til tross for mykje akryl, så kjennest det ikkje slik ut, og det er veldig mjukt og godt å strikka med.

Resultatet etter vask er og mjukt og godt.

Vottane er i same mønster, og det er fargen på dei øverste bileta som er den rette.



Ynskjer alle ei god adventshelg :)

26.11.2011

For den miljøbevisste

Tusen takk for positiv respons på dei første korthaldarane som eg laga :) No er julekartongane kome i butikkane, og som alltid er det koselege bilete av diverse nissar utanpå. Då er det kjekt å laga korthaldar med julemotiv. 

Her  er det nissemor som strevar til jul, og har hatt eit "lite" uhell med strykejernet :)

Det er to lommar i desse korthaldarane, og dei er ca 9,5x7 cm.

Kanskje ei smart gåve til den miljøbevisste :)

Eller kva med ein nøkkelholsmerka Skyr mysli.

Det fins mange variantar.

Og desse som er på langs, er laga av 1,5 literskartongar. Det er to rom i dei og, og er ca like store som dei andre.

Nokre av dei blir lagt ut på Epla etter kvart.

Tusen takk for alle kjekke kommentarar, og  ei god adventshelg til dykk alle :)

19.11.2011

Sying igjen

Det er kjekt å sy, men det er litt enklare å setja seg ned med eit strikk. Kanskje fordi det alltid ligg klart, men skal ein sy, så er det litt meir ting og tang som må leitast fram.

Denne gongen er det blitt to litt store sminkevesker i skinn.

Den eine har eg pynta med ei remse av lin.

Den andre utan pynt.

Dei kan vel og brukast som selskapsveske/clutch, her med pyntepuls av sjølvspunne garn.

Her ein anna pyntepuls utan blomst, og med garn som eg har spunne her og.

Så har eg sydd fire små lommebøker/sminkepung/ting og tangpungar.

Det meste av dette vil du etter kvart finna på Epla.

God helg, og takk for din kommentar :)


.

12.11.2011

Juleposar

 Egentleg tenkte eg på desse posane som juleposar, men fargane er vel slik at dei i grunnen kan brukast heile året.

Det er god plass i dei til diverse sunt og godt, eller ting og tang .


Så fann eg litt smårestar av julestoff frå ein del år tilbake. Litt av det vart til desse to posane.

Og denne resten var akkurat stor nok til ein lyspose.

God helg, og takk for at du tittar innom bloggen min :)

05.11.2011

Småstrikk

Av diverse smånøster har eg strikka litt småting.

Det vart 4 par med jentepuls.

Dei er strikka i dobbel perlestrikk, og med dobbel tråd.

Ein enkel heklekant pyntar opp framme.

Så vart det to par lestar av ein rest med Labbetussgarn.

Og til slutt to isskrapevottar.

Det meste av dette vil etterkvart bli lagt ut på Epla.

Ei god helg til deg som er innom bloggen min. Så kjekt at du tek deg tid til det :)

27.10.2011

Litt juleting

Jula nærmar seg, og det er kjekt å laga litt juleting.


Desse putane kan brukast på begge sider, og det er omvendte fargar.

Eg har vist dei i bloggen før i andre fargekombinasjonar.


Her er ein i svart og kvitt.

Det er koselege putar å hekla, og kjekt å variera med ulike fargar.

Og klutar i julefargar er ein koseleg fargeklatt på kjøkkenet til jul. 

Dette finn nok vegen til Epla i løpet av helga.

Tusen takk for mange kjekke kommentarar, og ha ei flott helg :)

21.10.2011

Gjenbruk

Gjenbruk er i vinden som aldri før, og det er spennande og inspirerande  å sjå alt som blir laga.

Dei fleste i bloggverda har vel sett Ingrid Riddervold sine geniale kartonglommebøker. Viss ikkje, finn du bloggen hennar her. Ho er ein meister på gjenbruk, og det er ei fryd å sjå alt ho lagar. 

Inspirert av kartonglommebøkene hennar,  har eg brukt same materialet, men laga korthaldar av kartongen i staden. Det har vore mykje prøving og feiling før eg kom fram til dette resultatet.

Her kan du få korthaldar på nynorsk.

Eller kva med Tine sin Ananasjuice.

Det er to lommer inni, med plass til kort i kvar lomme.


Dei blir lukka med ein trykknapp.

Her er ein som er laga andre vegen, med korta på langs.

Kanskje nokre av dei finn vegen til Epla etter kvart.

Ha ei flott helg :)

15.10.2011

Lommebok/sminkepung i skinn

Av diverse skinnrestar har eg sydd 4 lommebøker/sminkepungar. 

Dei kan sjølvsagt brukast til anna ting og tang og.


Alle er fora, og har ei tynn skinnsnor i glidelåsen.

 Foret er gjenbruksstoff, og eg har brukt vliselin mellom laga.


Dei vil etterkvart bli lagt ut på Epla.

God helg :)