31.03.2011

Hexagonteppet endeleg ferdig

Eg brukar egentleg ikkje å ha så mange ufoar, men dette vart av ein eller anna grunn lagt vekk. Då eg no tok det fram igjen, viste det seg at det ikkje var så mykje som skulle til før det var ferdig. 

Veldig kjekt teppe å hekla, og det er hekla av restegarn og diverse opprekksgarn. No ligg "finsida" opp, så det er nok fleire fargar inni teppet enn det som viser her.

Rundt kanten hekla eg først ei rad med fastmasker, deretter ei rad med krepsemasker. Det gjorde at det vart ein stødig kant på teppet.

25.03.2011

Endå ein hekla pute

Det er vel tvilsomt om våren kjem raskare sjølv om eg heklar ein vår/påske/sommarpute :) Men det var i alle fall kjekt å hekla med slike fargar og drøyma seg vekk ei stund...

Den er hekla i Tuva bomullsgarn, med heklenål nr. 3,5.

Når sommaren er over er det berre å snu puten, så er det ein ny pute på andre sida.


Ynskjer alle ei triveleg helg :)

19.03.2011

Surre-rundt -skjerf og vottar

Det er ikkje alltid ting blir blogga rett etter at det er laga. Denne halsen har varma Svanhild det meste av vinteren. Oppskrifta fann ho sjølv på Pickles. Det er eit artig mønster, som eg dessverre ikkje får fram på bileta.

Den er strikka i same garn som gensaren under, men her har eg brukt det dobbelt , og den er strikka på pinne nr. 15. Eg har aldri strikka på så tjukk pinne før, så eg måtte  kjøpa ein. Eg fann den berre i metall, og det var ikkje akkurat det mest ideelle til den oppskrifta. Den var så glatt, så eg måtte vera eksta på vakt så eg ikkje mista ned ei maske. Resultatet er eit veldig langt og varmt skjerf som kan surrast mange gongar rundt halsen.


Så ville ho gjerne ha seg eit par nye vottar, og det fann ho i lageret. Ull er gull når det er kaldt, og med den kalde vinteren vi har hatt, har det kome godt til nytte.
Her ser det ut til å bli ein fin dag med sol frå skyfri himmel.

God helg til alle som er innom bloggen min :)

11.03.2011

Varm og enkel gensar.

Denne gensaren har allerede varma  dotter mi Svanhild, det meste av vinteren. Det er ein enkel gensar å strikka, men det var slik ho ville ha den. Den er strikka i Oda frå Europris. Det er eit rimeleg garn med 50% ull, og 50% akryl, men det er veldig mjukt og godt.


Ho ville ha armane litt lange.

Brotet ville ho ha litt stramt, så ho kan dra det lenger opp utan at det sig ned.
Halsen ville ho ha litt vid ut på skuldrane.
Oppskrifta har eg berre  skreve ned i stikkordsform, så her er ei cirkaoppskrift for den som måtte ynskja det:
Den er strikka på pinne nr. 6, og eg brukte litt tynnare pinnar til brota. Og det er ca. str. SMALL.
Bolen:
Legg opp 112 m.
Strikk brot 1 r - 1 vr.
Auk til 132 m.
Str bolen så lang du ynskjer den. 
Del arbeidet, og str armhol så lange du vil ha dei.
Eg strikka halsen berre litt utringa framme.
For at halsen skulle bli litt vid, maska eg saman berre 15 m på kvar skulder.
Str eit lite brot i halsen til slutt.
Armar:
Legg opp 36 m.
Str brot 1 r - 1 vr.
Auk 4 m etter brotet.
Auk 2 m kvar fjerde omg. til armen er like vid som armhola.
Fell av, og sy på armane.
Og vips, så var gensaren ferdig :)

God helg, og takk for alle koselege kommentarar :)





05.03.2011

Vaskevott til barn

Har strikka vaskevottar til barn i bomullsgarn. Eg har strikka dei i glattstrikk, så dei skal vera glatte og gode mot barnehuda.

Eg har ikkje skreve ned noko oppskrift, men det er berre å strikka ein vott utan tommel. Eg hekla ei hempe til slutt, før eg klipte av garnet. 

Restegarnet har vore med og bestemt resultatet, og det  samarbeidet fungerte bra :)