31.05.2011

No knead bread

Ja, no har eg og prøvd å baka dette brødet. Det var ei spennande, enkel og annleis oppskrift. 

Eg fann den på Husmorblogg, og der finn du og linkar og videoar til oppskrifta.

Eg hadde ikkje noko gryte som eigna seg inni omnen, så eg brukte ei eldfast form/skål, og la ein middagstallerk over. Det fungerte fint.

Mmmm....nydeleg. Berre prøv :)

25.05.2011

Trekantvesker

No har endeleg eg og prøvd å sy trekantvesker. Inspirasjonen fekk eg på Mormonsen sin blogg. Der kan du sjå  flotte trekantvesker som ho har sydd, og ei  god og enkel forklaring :) 

Dette er den første eg sydde, og det meste er gjenbruk. Hestemerket fann eg i syskrinet, og det var i si tid på ei bukse som eg sydde til pappaen til bestemorguten. Buksa er forlengst utslitt, men merket tok eg vare på.

Broderte på namnet til bestemorguten, så denne er det nok han som får til å ha hemmelege ting i :)

Så vart det ei til, som vart litt mindre. Den pynta eg med ein hekla snøkrystall som eg hadde.

Desse er utan for, og då eg skulle sy denne, fann eg ut at eg ville prøva å sy den med fransk saum, slik at sårkantane vart skjulte. Det fungerte bra, og dette er den eine saumen inni veska. Det er enkelt å sy slik saum: Du syr først saumane frå retta, så vrenger du den, og syr frå vranga. Dermed blir sårkanten skjult inni saumen.

Her ventar vi på våren, og håper den kjem snart :)

18.05.2011

Vaskevott til dame

Med regn og kaldt vær, passar det godt å vera inne og kosa seg med strikking.

Denne gongen har eg strikka vaskevottar til damer. Dei er strikka i rillestrikk, med dobbelt bomullsgarn. Har brukt to ulike fargar, så det blir ein melert effekt. Hekla ei hempe til slutt. Har ikkje skreve ned noko oppskrift, men det er berre å strikka ein vott utan tommel.

Dei er allerede lagt ut på Epla.

08.05.2011

17.mai-blomst


Eg hadde egentleg ingen planar om å laga  innlegg som var 17.mai-relatert. Men når ideane  dukkar opp, må dei som regel prøvast ut. Her har eg hekla ein 17.mai blomst som kan brukast i staden for dei tradisjonelle sløyfene.

Etter litt prøving og feiling, vart det 4 stk. Det er sikkerhetsnål på baksida til å festa dei med.
 Dei er allerede lagt ut på Epla.

Ha ein flott dag :)

06.05.2011

Glasbrikker til 17.mai.

Det blir eit lite 17.mai-innlegg til her frå meg. Denne gongen har eg hekla glasbrikker i flagget sine fargar.

Det er same mønster som på den blå puten (eit par innlegg lenger ned), men utan firkanten rundt.

Dei er allerede lagt ut på Epla.

Ynskjer alle ei flott helg :)

04.05.2011

17. mai-stemning på kjøkkenet


For å laga litt 17. mai-stemning på kjøkkenet, vart det ein klut i flagget sine fargar.
Den er hekla i same oppskrift som dei andre klutane mine: 1 lm mellom kvar fm. Det blir luftige og gode klutar.


Det vart og ein trepakning i dei same fargane.
Desse blir lagt ut i hobbybutikken min på Epla.

Håper vi får mange fine Maidagar :)