27.07.2011

Muffinsformer

Det er ikkje alltid ein finn det ein er ute etter, og så blir det kjøpt noko liknande som viser seg å vera like bra.

Eg var ute etter muffinsbrett, men det fann eg ikkje. Derimot fann eg desse silikonmuffinsformene på Eoropris.

Og det er eg i grunnen glad for, for det er plass til mange slike på eit steikebrett dersom ein vil laga litt stor porsjon. Det er 12 i ein pakke, og eg sette vanlege papirformer oppi dei når eg prøvde dei. Det fungerte fint, men dei kan nok og brukast utan former oppi.

Når eg skulle oppbevara dei, hadde eg egentleg "ingen" plass å ha dei.  Då kom ideen at eg kunne sy ein oppbevaringspose til dei. Kvitt bomullslerret og broderigarn hadde eg, og resultatet vart denne posen. Eg har laga den så stor at det er god plass til fleire former og. I stadenfor å gøyma den inni skapet, heng  den no klar på kjøkkenet.
Dersom ein treng ei lita gåve, kan ein heimelaga pose med slike muffinsformer kanskje vera ein god ide :)

13.07.2011

Småting

Sommaren er vel ikkje rette tida for hyppige blogginnlegg, og når inspirasjonen er fråverande, så blir det mest småting og tang.

Denne korga er hekla av makrametråd som eg hadde.

Det er ganske tjukk tråd, og for å få den stødig, brukte eg heklenål nr. 10.


Den er allerede tatt i bruk til oppbevaring av glidelås.

Denne er hekla av mattefiller. Dei var ganske tjukke, så her brukte eg heklenål nr. 15. Diverse snor og band har fått plass i denne.

Begge to er stødige, og held godt på fasongen. Dei fekk seg ein runde ilag i vaskemaskina etter dei var ferdige. Det var kanskje ikkje så lurt, for det viste seg at det raude stoffet farga litt av, så det vart eit rosa skjær på den kvite. Men pytt sann, eg skal ha dei sjølv, og dei er bra nok for meg til sitt bruk.

Ha ein fortsatt god sommar :)