28.08.2011

Strikkeveske

Etter mykje inspirasjon frå andre som syr så flotte strikkevesker, har eg endeleg prøvd å sy ei eg og.

Ei god forklaring fann eg på denne bloggen.

Har brukt same stoff som til posane i innlegget under.

Så har den fått for.

Her er baksida, med ein liten stoffbit, i same stoff som foret.

Dette er ei lita strikkeveske, men med god plass til to nøster.

Eg passa på å sy i glidelåsen slik at på toppen av glidelåsen der det ikkje er taggar vart det eit hol, der ein kan   dra tråden gjennom, og kan dermed ha glidelåsen igjen medan ein strikkar eller heklar. Etterpå er det lett å få heile arbeidet inni veska.

Ha ein fin søndag :)

21.08.2011

Oppbevaringsposar

Det er alltid kjekt å sy litt småting innimellom. Kom på at eg hadde noko striestoff, og tenkte at det kunne vera greit til oppbevaringsposar.

Ytterstoffet er tjukt bomullsstoff, og så tok eg striestoffet til for.

Stoffa er så tjukke at eg ikkje trong noko mellomlegg. 

Ein liten og ein litt større pose som kan brukast til litt av kvart.

Så er eg så heldig at eg har vunne hos Bentes Quiltehage. Tre flotte stoff som kjem til å bli brukt etter kvart som ideane dukkar opp.

Ynskjer alle ei fin veke :)

02.08.2011

Vår og haustvottar

Her er det berre blitt litt småstrikk i det siste. Barnevottar strikka i Robust sokkegarn. Det er forholdsvis tynt, så vottane eignar seg vel best som vår og haustvottar. 

Enkelt mønster, som blei til etter kvart som eg strikka. 

Kanskje eg prøver å strikka dei i eit anna garn og.

Ynskjer alle ei god veke :)