26.04.2012

17. maisløyfer

Det er verkeleg friske og flotte fargar i flagget vårt.

Eg starta å hekla slike i fjor, men gav opp, for eg vart ikkje heilt fornøgd med resultatet. 

Så starta eg på nytt no, og då gjekk det i grunnen greit, og eg kan sei meg fornøgd. Desse øverste er ein lang type.

 Og desse her er  korte, og har ein litt mindre rosett. Dei blir festa med ei sikkerhetsnål bak.

17. mai nærmar seg, og kanskje  er det nokon  som vil ha ei litt annleis  sløyfe i år :)

19.04.2012

Det er Norge i raudt, kvitt og blått

17. mai nærmar seg, og då er det kjekt å hekla litt småting som pyntar opp. Og det måtte jo bli i flagget sine fargar. 

Dei passar godt å ha til pynt, både med og utan gotteri. 

Eg fann fram boksen med dei finaste knappane i. Så på den eine vart det ei stjerne.

På den andre ein sommarfugl.

Og på den tredje ein blome. Knappane brukte eg til å festa sløyfene med.

Til slutt  vart det og glasbrikker i 17 maifargar.

Dette vil etter kvart bli lagt ut på Epla og Pipler.

Tusen takk for alle kjekke kommentarar som eg får. Dei blir sett stor pris på :)  Velkomen og til ny følgar.

14.04.2012

Endå ei strikkemappe

I påskeferien vart det ein del stoffkjøp, og dette syns eg passa godt til ei strikkemappe.

Eg sydde etui og nålebrev som tilbehør denne gongen og.

Alle tre er fora, og har vatt mellom laga.

Stoffet er eit stødig bomullsstoff.

Glidelåset har to saumar.

Inni etuiet er det plass til diverse ting og tang som ein treng i strikkemappa.

Inni nålebrevet ligg nålene godt beskytta, og er supert å ha med  på reise. 

Her tittar sola fram i dag, men vi har fortsatt litt snø igjen.

God helg, og takk for at du kom innom bloggen min :)