11.12.2013

Hakka nåleputar

Eg hadde lyst å prøva  å laga litt mønster med vanleg hakking.
Og for at det skulle bli noko som var både nyttig og lite, blei det nåleputar.

Det var kjekt, men litt tidkrevande.

Og det skal ikkje så mykje garn til. 

Litt pynt med ein gjenbruksknapp i mitten, og ei hekla hempe viss ein vil henga den opp.


Ynskjer alle ei god førjulstid :)







05.12.2013

Dreamz rundpinnesett

Tenk eg har vore så heldig å vinna dette eksklusive rundpinnesettet frå KnitPro. Det var ei super førjulsgåve, som heilt sikkert vil bli mykje brukt.

Det inneheld 8 par utskiftbare strikkepinnar frå 3,5 til 8mm. Og dei ligg i eit nydeleg plysjbelagt skrin.

Og det er med 4 vaiere, 8 stoppere, 4 nøkler, og eit sett maskemarkører.

Og skrinet låg nedi denne nydelege eska.

Og her ser vi at det fins berre 2000 slike sett, og eg var den heldige som vann eitt av dei :) 
Settet vann eg på den kreative bloggen til Strikkespinn. Ho har og nettbutikk.

Tusen takk for gåva. Eg gler meg til å ta dei i bruk, og som namnet seier, er det heilt sikkert som ein draum å strikka med dei :)


30.11.2013

Fargerike blekksprutar

To blekksprutar til har sett dagens lys. 
Den første eg hekla var til bestemorguten i sommar.

Sidan barn er glad i fargar blei dei fargerike.

Og det er ingen delar som kan vera farlege for små barn. 

Takk for besøket, og god helg :)


16.11.2013

Strikka halsar

Det er forlengst tid for noko varmt rundt halsen. Eg har strikka to halsar av to ulike garn frå Tedman&Kvist, som eg ein gong kjøpte på Perlehuset. 

Dette heiter Delicious Tweed, og inneheld 65% lammeull, 10%angora, 5% cashmere og 20% polyamide.

Den er strikka rundt i dobbel perlestrikk, og med innlagt snurr.

Dette garnet heiter Tundra og inneheld 82% ull, og 18% mohair.

Den har eg strikka rundt i rillestrikk, og fekk og ein snurr på seg. Begge er strikka slik at dei ligg litt tett kring halsen.

Takk for besøket, og god helg :)


03.11.2013

Mariuslestar

Eg brukar ikkje å strikka lestar med mønster, så dette er første gongen eg gjer det.
Mariusmønsteret er fortsatt populært, og kjekt å strikka.
Og det er mange bordar å velgja blandt. 

Dei fleste er strikka i Ida strømpegarn, og til mønsteret har eg brukt restar av diverse sokkegarn.

Takk for at du stakk innom. Ynskjer deg ein fin dag :)

20.10.2013

Toalettvesker

Eg hadde dette stoffet som eg syns passa godt til toalettvesker.

Og då blei det slik.
Kjekke å sy, og kan vera fine å ha til ei gåve.
Eg har litt stoff igjen, så kanskje det blir nokre fleire etter kvart.
Ha det bra, og takk for besøket :)

06.10.2013

Pulsvantar

Det er tid for ull for å halda varmen.
Og då kan slike vera praktiske å ha før vinteren kjem for fullt.

Mønsteret er ulike Mariusbordar, og der fekk eg brukt litt restegarn. 

Takk for besøket, og velkomen til ny følgar :)

22.09.2013

Firkanttøfler

Eg har lenge tenkt å prøva å strikka firkanttøfler, og no har eg  endeleg gjort det.

Fine å strikka når ein treng eit enkelt strikketøy.

I alle fall heilt til ein skal sy dei saman. Eg strevde litt der, før eg forsto gangen i det. 

Eg har tova dei ekstra godt, så dei er både tjukke og stødige. 

Dei vart kanskje vel spreke i fargane, men det var dei eg hadde akkurat no.

Takk for besøket :)


08.09.2013

Strikketøymappe

Ei ny strikketøymappe med tilbehør har sett dagens lys.


Ikkje den største, men likevel god plass.

Nålebrevet, og ein liten pung til diverse nødvendigheter er praktiske å ha med.

Ser at det er kome ein ny følgar, sjølv om eg ikkje har vore så aktiv her i det siste. Det er kjekt. Velkomen til deg. 

Ynskjer alle ein fin dag :)





23.08.2013

Litt sying


Det er alltid kjekt med litt sying innimellom, og desse kan brukast til litt av kvart. 


 
Dei er lange nok til pennal.

Og dei er lange nok til strikkepinnar.

Eller dei kan brukast til heilt andre ting.

God helg og takk for besøket :)

16.08.2013

Litt av kvart

Eg er så heldig at eg har fått to pakkar i posten denne veka. Det er alltid kjekt, sjølv om eg veit kva som er inni. Eller nettopp derfor.

Frå Petrine og Barnum fekk eg denne herlege mini-Barnum. Eg er alltid like fasinert over kor levande ho greier å nålefilta figurane ho lagar.

Greide ikkje å få eit godt nok bilete av han, men han liknar veldig på Barnum som du kan sjå her i bloggen hennar. Tusen takk Gunn, for at du gleda meg slik.

Så var eg så heldig at eg vann denne flotte fotlenka hos krysantemum design. Det er ein  japansk fletteteknikk som heiter kumihimo, som du kan sjå meir om her i bloggen hennar. Ho har og ein nettbutikk med flotte produkt. Tusen takk til deg og Line, for flott premie.

Så fekk eg besøk av bestemorguten i sommar.

Og eg hadde hekla denne blekkspruten til han. 

Men aller mest var han nok opptatt av bilar. 

Og å sjekka at kaka blir god.

27.06.2013

Nålebrev

Desse nålebreva er så kjekke å laga. 

Og her har eg både brodert, strikka og sydd.

Dei er veldig praktiske å ha med seg på tur, og nåler og diverse ligg godt beskytta inni.

Ynskjer alle som er innom ein fortsatt fin sommar, både med og utan sol :)

16.06.2013

Gjenbruk

Eg hadde nokre gamle broderte putar som hadde sett sine beste dagar.

Klipte ut det som var brukande av broderiet, og sydde desse to. 

Eg har enno litt igjen, så det blir kanskje fleire.

Så kjekt at du stakk innom :)