23.02.2013

Jentepuls

Her er det berre småting som blir laga for tida.
Eg kjøpte Babymerino hos Pickles no når dei selde den ut, og strikka desse jentepulsa.

Det er eit veldig mjukt og godt garn, og eg brukte dobbel tråd når eg strikka dei.

Mønsteret blei til etter kvart,  med ein del prøving og feiling. 

Hekla ein kant på til slutt.

Takk til deg som er innom, og god helg :)


16.02.2013

Hjarte

Litt broderigarn til brodering.
Litt heklegarn til ein hekla kant rundt.
Og litt fyll til å ha inni.
Resultatet blei dette hjartet. Så kjekt å laga, at det kanskje blir fleire.

Ynskjer deg ei god helg :)

08.02.2013

Lappeteppe

Det enkle er av og til det beste.
Eg hadde lyst å laga eit lappeteppe med veldig enkle lappar. Resultatet vart to ulike slag. Tenkte eg ville ha halvparten av kvar.

Eg la opp 20 masker. På den eine strikkar eg dobbel perlestrikk med ein rillekant rundt.

Den andre er berre rillestrikk. Enkelt og greit.
Veit ikkje korleis eg skal sy/hekla dei saman enno, men det får eg finna ut når den tid kjem.

Velkomen til nye følgarar, og tusen takk til deg som legg igjen kommentar :) Det er alltid stas. God helg :)

04.02.2013

Litt gjenbruk

 Hermetikkboksar kan vera kjekke å ha til diverse oppbevaring.

Og med eit hekla trekk på, ser dei litt finare ut.

Trekket blir bretta inn oppe, for å skjula den skarpe kanten.

Og eg har avslutta med ein omgang krepsemasker.

Dette er jo og eit fint restegarnprosjekt.

Eg har hekla berre stavar, men her går alt an.

Så  hadde eg ein tom tennbrikettboks, som også fekk seg eit heklatrekk med det same.

Ynskjer deg ei god veke :)

03.02.2013

Og vinnarane er

Då har eg nettopp trekt to vinnarar, og den første eg trekte var Siv. Ho vann håndkleet. Den andre eg trekte var Mayen som vann heklebrikka. Send meg adressene, så får de pakke i posten :)

Tusen takk til alle som var med, og gratulerer til de som vann :)