25.10.2014

Herrevottar

Sjølv om eg ikkje har sett noko til snøen enno, så er den kanskje ikkje så langt unna. Eg har i alle fall strikka nokre herrevottar.

Dei er strikka i Østlandsgarn på pinnar nr. 3,5

Men eg ser at det vart ikkje dei rette fargane på bileta. Desse er eigentleg mørk blå og lys grå.

Fargane på desse stemmer nokolunde, men den grøne er litt lysare.

Medan fargane på desse er mørk grå og mørk blå. Det er mi eiga oppskrift.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)


16.10.2014

Strikka sjal

Tilfeldig oppdaga eg sjalet Medvind som er designa av Clara Falk. Du finn oppskrifta her på Ravelry.

Eg har strikka det i Kauni.

Sjalet ser enkelt ut, men det er ein veldig gjennomtenkt og smart framgongsmåte.

Og det blir langt, og kan tullast godt rundt halsen. Sjalet er komt fram, og varmar ho som har fått det.

Takk for besøket :)

01.10.2014

Små mapper

Desse mappene sydde eg for ei stund sidan.

Dei er ikkje så store, ca 16x9x8cm.

Og dei er fora og har vatt mellom laga.

Dei kan vel brukast til litt av kvart.

Og kan vera praktiske til å halda orden på ting og tang.

 Dei kan og vera greie å ha til diverse smått handarbeid.

Og har du eit lite strikk du treng ei mappe til, så er det  plass til to 50grams-nøster oppi.

Takk for besøket :)