27.02.2015

Vottar

Desse vottane har eg strikka etter eit mønster frå Jorid, med den kreative bloggen Muffins verden. Ho designar flotte mønster, både innan strikk og broderi.

Dei er strikka i Daletta på pinne 2,5.

For at dei ikkje skulle bli for lange, måtte eg starta fellinga litt før, utan at eg syns det gjekk for mykje utover heilheten i mønsteret.

Vottane er forlengst tatt i bruk. Det blå paret er mine, og det andre paret har fått ny eigar.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)


17.02.2015

Gjenbruk

Det er alltid kjekt å laga noko av gjenbruksmaterialar.
Denne gongen  er det ei dongeribukse, og heklebrikker frå langt tilbake i tid, som er blitt til oppbevaringsposar.

Posane er fora, og kan vel brukast til litt av kvart, alt etter behov. 

Takk for besøket, og ha ein fin kveld :)



06.02.2015

Litt strikking og premie

Her går det i sokkestrikking, og eg har visst fått dilla på striper.
Dei er strikka i Senja sokkegarn.

Så var eg så heldig at eg vann dette fine bladet med masse flotte kofteoppskrifter. Eg vann det hos Cahtrine, med denne kreative bloggen.

Då var det helg igjen. God helg til deg som tittar innom :)