26.06.2015

Gensar i alpaca

Eg hadde nokre nøster med Minialpaca som blei kjøpt ein gong utan mål og meining.


For å untnytta garnet best muleg så eg fekk nok til ein gensar, blei det striper.




Eg ville ikkje ha så brå overgang mellom stripene, så eg strikka  ein omgong med ei maske av kvar farge, før ny stripe.


Det vart ein enkel gensar, men eg er fornøgd. Og den er så behageleg å gå med.

Velkomen til ny følgar, og god helg til deg som stikk innom :)




07.06.2015

Endå ein pute

Det var så kjekt med dominostrikking, så no har eg strikka ein pute.


På eine sida er det ni dominoruter, og på den andre sida er det ei stor rute.


Eg har brukt eit garn som eg ikkje har prøvd før.


Det er 46/54% ull/bomull, og kjøpt på Europris.


Det er tjukt, heiter Natur, og er strikka på pinnar nr. 5,5.


Det var godt å strikka av, og eg syns det passa fint til dominostrikk.


Lukking med knappar og hemper, og ei rad krepsemasker så det blir ein stødig kant.

Ynskjer deg ein fin søndag :)

01.06.2015

Strikka putar

Eg har strikka to putar etter ynskje frå dotter mi.


Ho lurte på om eg ville strikka ein Mariuspute, og ein flettepute til henne.  Og det er jo berre kjekt å få slike oppdrag.                                                                                             


Dei er strikka i superwash ullgarn på pinnar nr 4.


Fletteputen fann ho mønster på her.


Hekla ei rad med krepsemasker og hemper rundt opninga, og sydde i knappar til lukking.

Velkomen til nye følgarar :)