13.12.2017

LUKE NR 13

I luke nr 13 finn du desse skoposane. Dei er sett ned med 15% pluss frakt. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.

Ynskjer deg ein god dag :)

12.12.2017

LUKE NR 12

I luke nr 12 finn du leggings til barn her. Dei er sett ned med 20% pluss frakt. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.

Håper dagen blir fin :)

11.12.2017

LUKE NR 11

I luke nr 11 finn du desse isskrapevottane. Dei er sett ned med 20%. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.

Vinnar av gje-borten blei Sylke som har denne kreative bloggen. Ho strikkar fine adventskuler som du finn oppskrift på i bloggen hennar.

Ynskjer deg fine dagar :)

10.12.2017

LUKE NR 10

I luke nr 10 finn du  desse halsane/buffane i Mariusmønster. Dei er sett ned med 20%. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.

Sidan det er 2 søndag i advent, blir det ein liten gje-bort igjen i dag.



Det er denne, som er sydd i eit kult retroinspirert stoff. Den kan brukast til å halda orden på ting og tang. Legg igjen ein kommentar viss du vil bli med, så trekkjer eg ein vinnar når eg legg ut eit nytt innlegg i morgon.

Ynskjer deg ein fin søndag :)

09.12.2017

LUKE NR 9

I luke nr 9 finn du desse tova sitjeunderlaga for barn. Dei er sett ned med 15% pluss frakt. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.

Ynskjer deg ein fin dag :)

08.12.2017

LUKE NR 8

I luke nr 8 finn du desse strikketøyposane med tilbehør.  Dei er sett ned med 30% pluss frakt. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.

Håper dagen blir fin :)



07.12.2017

LUKE NR 7

I luke nr 7 finn du denne trekantveska. Den er sett ned med 20% pluss frakt. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.

Ynskjer deg ein fin dag :)

06.12.2017

LUKE NR 6

I luke nr 6 finn du denne puten i hakking. Den er sett ned med 30% pluss frakt. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.

Ynskjer deg ein god dag :)



05.12.2017

LUKE NR 5

I luke nr 5 finn du desse mappene. Dei er sett ned med 15% pluss frakt. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.

Ynskjer deg ein fin dag :)

04.12.2017

LUKE NR 4

I luke nr 4 finn du dette trekket til Zaloflaska. Ja, den og har jo lyst til å pynta seg litt ekstra i jula :) Det er sett ned med 20% pluss frakt. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.

Så er det tid for trekning av gje-borten som eg hadde i går. Vinnaren er Viola med denne kreative bloggen. Gratulerer :) Send meg adressen din, så får du pakke i posten.

Håper du får ein fin dag :)

03.12.2017

LUKE NR 3

I luke nr 3 finn du desse glasbrikkene. Dei er sett ned med 20% pluss frakt. Her er det glasbrikker både i julefargar, og i meir nøytrale fargar. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.

Sidan det er første søndag i advent i dag, vil eg og ha ein liten gje-bort. Det er denne nåleputen som er laga i ein teknikk som heiter hakking. 


Legg igjen ein kommentar dersom du vil delta. Så trekkjer eg ein vinnar når eg legg ut til luke 4 i morgon.

Ynskjer deg ein fin første søndag i advent :)

02.12.2017

LUKE NR 2


I luke nr 2 finn du dette sjalet. Det er sett ned med 20% pluss frakt. Tilbodet gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt i morgon.

Ynskjer deg ein fin dag :)

01.12.2017

Adventstilbod - LUKE NR1


Kvar dag framover no i adventstida legg eg ut eit produkt frå Epla til nedsett pris.

I dag er det desse toalettveskene/handarbeidsmappene. Dei er sett ned med 30% pluss frakt. Kvart tilbod gjeld fram til eg legg ut eit nytt produkt neste dag. Så her kan du finna julegåver, eller noko til deg sjølv til ein god pris.

Ynskjer deg ei fin adventstid :)










30.11.2017

Leggings til barn


No er tida inne for varme plagg og tilbehør. Og varme leggings er godt å ha i kulden.


Dei øverste her er til dei litt større barna. Dei er ca 30 cm lange.


Og desse til dei litt mindre, er ca 22 cm lange.


Alle er strikka i Drops merino extra fine, og det er eiga oppskrift.


Og dei kan jo brukast både utstrekt eller litt samankrølla.

Ynskjer deg gode førjulsdagar :)

10.11.2017

Enkelt sjal


Eg har strikka eit enkelt, men godt og varmt sjal i rillestrikk.


Garnet eg har brukt er Eventyr blandingsgarn av 70% ull, og 30% nylon.



Det er strikka på pinnar nr 4, eit nr større enn anbefalt på garnet. Eg brukte 3 nøster, og det blei ca 180 cm breidt, og ca 70 cm langt. Brukar ein tjukkare garn, går det jo endå raskare å strikka. Kanskje eit tips til julegåve.

Slik strikka eg det:

1 omg: legg opp 3 m.

Ta første m laus av på kvar pinne.

2 omg: str r tilbake.

3 omg: str r til du har 1 m igjen på pinnen. Lag eit kast, og str den siste m. Gjenta denne omg til sjalet er så langt som du vil ha det. Fell av.

Vask det, og strekk det i fasong.

God helg, og kos deg med strikkinga :)

19.10.2017

Småstrikk


Eg har strikka nokre småplagg til ein ny verdensborgar. Dei er strikka diverse babyull.


Og så blei det kvar sitt lestepar til heldige storesøster og storebror.


Når eg likevel var i gang, strikka eg nokre fleire skjorter. 


Alle plagga er eigne oppskrifter.


Så er eg så heldig at eg har vunne dette hos Annette med denne bloggen. Ho er ei kreativ dame som har mange prosjekt på gong. Og som du ser på bildet, så strikkar ho og gjerne for deg som vil det. 
Tusen takk for pakken, Annette :) Det er alltid kjekt å få slike bloggpakkar i posten.

Og takk til deg som stakk innom :)

21.09.2017

Mariusmønster



Eg fekk eit ynskje om eit tova sitjeunderlag i Mariusmønster. 


Slik blei det, og det er strikka i Østlandsgarn.


Det såg slik ut før toving. For at det skulle tova seg flatt, festa eg sikkerhetsnåler gjennom begge laga. Og det fungerte bra.

No skal det ut på tur. Og første turen går til fine Lofoten.

Så kjekt at du stakk innom :)

01.09.2017

Kosepose

Det er alltid kjekt å strikka småplagg.


No har eg strikka ein babypose som eg kallar Kosepose.


Den har selar, og hol til setebelte. Men den kan jo og brukast som ein nattpose. Denne er vel ca str nyfødt.


Denne er litt større, og passar vel kanskje opp til ca 6 mnd.


Begge to er strikka i Drops sin big Merino, og det er mi eiga oppskrift.

Takk til deg som er innom, og god helg :)

11.08.2017

Ein Marius


Denne Mariusen skal langt avstad.


Dotter mi har ei veninne frå Australia som for tida oppheld seg her i landet. Ho synest Mariusmønsteret er så fint, og kunne tenkt seg ein slik gensar.


No er den ferdig, og eg håper at den passar. Ho har valt fargane sjølv, og det er dei to første bilda som er rett farge. 


For at den skal kunna brukast rett på kroppen utan at det klør, valde eg å strikka den i Drops merino extra fine, og eg valde eit halvt nr tynnare pinnar for å få litt meire hold i garnet. 

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

31.05.2017

Bestemorteppe

Det er kjekt å ha eit litt stort prosjekt gåande over tid, og som ein kan ty til innimellom andre ting.


No er det ferdig, og det blei eit bestemorteppe i to fargar. 


Eg endar som regel opp med enkle  kantar på teppene, så det blei det på dette og.


Det er hekla i Peru blandingsgarn, som inneheld 40% alpakka, 30% ull og 30% acryl.

Takk for at du stakk innom :)

28.04.2017

Siklesmekker/sjal i ull

Det blir  heile tida restegarn, og eg syns det er kjekt å få brukt det til noko fornuftig.


Dette skulle egentleg bli siklesmekker, men dei fungerar vel og som eit lite sjal. 


Det blei ikkje så stort innhogg i restegarnet, men eg fekk brukt opp litt smårestar.


Dei er strikka i ulike typar babyull/merinoull på pinnar nr 4, og på den tynne babyulla brukte eg dobbelt garn.

Oppdatering.

Det var overraskande at desse blei så populære, og det er fleire som har etterlyst oppskrift. Eg har strikka dei på same måte som det går an å strikka eit sjal.

Slik:
Legg opp 3m.
Str r tilbake.
Ta første m av-1k-1r-1k-1r.
Str r tilbake.
Ta første m av-1k-1r-1k-1r-1k-1r-1k-1r.
Str r tilbake.
Str vidare og auk  1m i kvar side, og 2m på mitten, til du syns den er lang/stor nok. Str alltid r tilbake. Hugs å strikk inn eit knapphol på den eine sida.

Du brukar og same oppskrift dersom du strikkar på tynnare eller tjukkare pinnar, for du bestemmer sjølv kor stor/lang du vil ha den.

Kos deg med strikkinga :)

Takk for at du stakk innom, og god helg :)


27.03.2017

Påskeantrekk til Zaloflaska.

Ja, no er påskeantrekket til Zaloflaska i boks. Eg har hekla slike før, men ikkje i påskefargar. Syns den blir eit litt bedre blikkfang med eit trekk. Og så er det kjekt å hekla slike småting.


Det er hekla i bomullsgarn, og er enkelt å ta på og av.

No tek eg ein litt tidleg påskeferie her på bloggen, og ynskjer deg som er innom ei god påske :)




08.03.2017

Hakking, og jammen vann eg igjen.

Så er eg tilbake til hakking igjen. Det er ein teknikk som eg aldri blir lei av.


Denne gongen blei det eit nett/skulderveske.


Det har ulike fargar på kvar side, og hanken er så lang at ein kan ha den på  skulderen.


Inni er det to lommar til ting og tang, og det er hakka i Tuva bomullsgarn.


Så var eg så heldig at eg vann enno ein gong. Denne gongen var det hos Anette som har denne kreative bloggen. Ta deg gjerne ein tur innom og sjå alt det fine ho lagar.
Eg vann denne store og gode kluten strikka i patentstrikk, og det som ligg oppå kluten er på mystisk vis borte vekk. Tusen takk Anita, for pakke med både kos og nytte :)

Og takk til deg som stakk innom :)

17.02.2017

To halsar

Det er blitt to halsar i Peru blandingsgarn på pinnar nr 3.


Eg har brukt ca 50 gram i kvar, så det er eit fint prosjekt til enkeltnøster.


Mønsteret blei til underveis, og dei var i grunnen kjekke å strikka.


Takk for at du stakk innom, og god helg :) 



03.02.2017

Fleire huer/luer, og flott bok.

I jula fekk eg spørsmål om eg kunne strikka ei hue i bomull til ein som ikkje tåler ull.


Det gjorde eg, og no har eg strikka opp nokre fleire.



Dei er strikka i Tuva bomullsgarn som inneheld 50/50 bomull/ackryl. 


Så var eg så heldig at eg vann denne fine boka. Her er det mange flotte huer i ulike fasongar og teknikkar. Og huer til både barn, dame og herre. Gler meg til å ta den i bruk.

Tusen takk for boka til både Marion og Merete. Marion har både blogg og nettbutikk her. Boka vann eg på Merete sin blogg,  Monstermønster. Begge to er kreative damer som er vel verdt eit besøk.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

22.01.2017

Enkle huer/luer

Det er blitt nokre enkle huer i Drops Alaska på pinnar nr 5.


 Sidan dei er så elastiske, vil eg tru at desse er one size til barn, frå ca 6 år og oppover.


Desse passar til herre. Begge str kan brukast både med og utan oppbrett. Utan oppbrett er dei litt baggy.

Huene er prøvd av levande modellar, og ifølgje dei så passa dei fint.

Ynskjer deg ein fin søndag :)

07.01.2017

Nytt bloggår.

Det ligg eit nytt bloggår framfor oss. Takk til alle rause strikke/hekle/sy/kreative damer som deler inspirasjon og kreativitet på bloggane sine. Og takk for rause og fine kommentarar :) 


Det blei ein Marius til bestemorguten til jul. La opp til str 4 år, og strikka lengde til 6-8 år. Den er strikka i Falck på pinnar 3 og 3,5.


Hos Snella og Petronella fann eg denne kule knappen som eg sydde på. 


Så har eg strikka eit skjerf i patentstrikk. Det er strikka i Karisma på pinnar nr 4.


Ynskjer deg eit kreativt og nytt bloggår :)