28.04.2017

Siklesmekker/sjal i ull

Det blir  heile tida restegarn, og eg syns det er kjekt å få brukt det til noko fornuftig.


Dette skulle egentleg bli siklesmekker, men dei fungerar vel og som eit lite sjal. 


Det blei ikkje så stort innhogg i restegarnet, men eg fekk brukt opp litt smårestar.


Dei er strikka i ulike typar babyull/merinoull på pinnar nr 4, og på den tynne babyulla brukte eg dobbelt garn.

Oppdatering.

Det var overraskande at desse blei så populære, og det er fleire som har etterlyst oppskrift. Eg har strikka dei på same måte som det går an å strikka eit sjal.

Slik:
Legg opp 3m.
Str r tilbake.
Ta første m av-1k-1r-1k-1r.
Str r tilbake.
Ta første m av-1k-1r-1k-1r-1k-1r-1k-1r.
Str r tilbake.
Str vidare og auk  1m i kvar side, og 2m på mitten, til du syns den er lang/stor nok. Str alltid r tilbake. Hugs å strikk inn eit knapphol på den eine sida.

Du brukar og same oppskrift dersom du strikkar på tynnare eller tjukkare pinnar, for du bestemmer sjølv kor stor/lang du vil ha den.

Kos deg med strikkinga :)

Takk for at du stakk innom, og god helg :)